søndag 3. august 2014

Veitastrond og Tungestølen

Vi er ute på tur igjen og denne gongen ynskjer vi å utforske flotte dalar i Sogn - nærare bestemt Veitadtrond og Jostedalen.

Her er nokre glimt frå turen vår til Veitastrond. Vi måtte sjølvsagt ta turen inn til Tungestølen og inspisere restane etter turisthytta som vart tatt av stormen Dagmar i 2011. Vi vandra eit stykke innover mot Austerdalsbreen, og kikka innom DNT Oslo og omegn si hytte for basecamp. Nystølen måtte også utforskast, og vi rakk også ein smakebit på turen gjennom Snaudalen der du kan gå over til Fjærland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!