søndag 19. oktober 2014

Ein gapahuk er fin å ha....

...når vi er på tur rundt Bekkjavatnet, 
og regnet startar i det vi kjem fram til Hunsrasta. 
Då kunne vi likevel innta ein tørr lunsj, 
så fekk det heller våge seg om vi vart våte før vi kom til bilen igjen!


...og det er litt artig å redigere litt på bileta vi tar. 
Bendik Matias sin kommentar då han såg dette var: 
"Det ser brent ut i Gapahuken!"


Turen rundt Bekkjavatnet er for øvrig ein av dei mest populære turane
for Førde-folk og andre.
Nesten like populær som Hafstadfjellet!  
Og blir derfor med rette omtalt som Bymarka vår. 
Ca. 6 km rundt vatnet på godt tilrettelagt sti

fredag 17. oktober 2014

Helgestart med panorama frå Hafstadfjellet

Starta helga med ein tur på Hafstadfjellet frå høgda på Langeland medan sola framleis var oppe. Fin start på helga, det!

Til info så er det no kome lys heile vegen til topps i Hafstadkleiva, så no er det inga unnskyldning for ikkje å kome seg ut også når mørket har falt på - og det gjer det jo stadig tidlegare no :( !



onsdag 15. oktober 2014

TA DEG ONSDAGSFRI!

......sto det i eit friluftsblad nyleg: 

"Høsten er hektisk, og snart er det jul. 
Avspaser en dag midt i uka. 
Bruk den ute i det fri når alle andre er på jobb.
Du skal se det blir en verdifull dag!


I dag var det onsdag og eit fantastisk nydeleg vèr
- ein glimrande dag å ta fri på!
Dessverre var det ikkje høve til å ta fri heile dagen, 
men etter lunsj nytta eg sjansen. 

Resultatet vart ein kvardagsfavoritt på ein kvardag
- nemleg Steinkorsen 762 moh i Naustdal,
i lag med den eine av mine to storesøstre. 
Førstegangs tur for ho, 
tur nr. ? for meg: 
Ein favoritt er jo ein favoritt...
også for oss som likar variasjon!
Og ein verdifull dag vart det!


Mallasvikstølen 580 moh

Kringlevatnet 650 moh med Sælastølen i himmelsjå




Nokon har mista hua si, og nokon har hengt den opp på toppen av varden på Steinkorsen. Kanskje eigaren kjem attende ein gong? Fjellmassiva i Ålfoten lengst bak er godt synlege også frå Steinkorsen. 

På veg ned att - Kringlevatnet og Førdefjorden
 Og skal vi dømme etter talet på parkerte bilar på Kringla, 
og innskrivingar i boka på Steinkorsen, 
så var det fleire enn oss som hadde onsdagsfri.... :)

(nærare turskildring til Steinkorsen kan du lese i dette innlegget)

fredag 10. oktober 2014

Geiranger (3) - Keipen (1379 moh) frå Homlong

Steffen Ben bloggar:

Denne turen til Keipen er den tredje og siste turen denne langhelga for oss to turkompisane - og dannar siste hjørnet i trekanten av fjelltoppar vi gjekk, med Geiranger sentrum som tenkt origo. Som dei to andre toppane vi har vore på her,  gjev også denne kjempeutsikt over verdsarven kring Geiranger. Her får vi sett Geiranger frå sør - og likt dei to andre toppane, passerer vi fleire flotte stølar og kulturlandskap langs med.

Les også om dei andre to turane våre i Geiranger denne weekenden:


Nesten oppe på toppen av Keipen (1379 moh) - berre 50 meter klyving att.
Skagedalsvatnet til høgre.
Start
Frå Geiranger sentrum køyrer ein ut langs sørsida av fjorden, til vegs ende ved campingplassen på Homlong. Frå Homlong i slakk stigning på merka sti til Homlongsætra, om lag 3 km ut langs sørsida av fjorden. Dette er ein idyllisk støl, med panorama over til gårsdagens turmål - Geitfonnegga på nordsida av fjorden.

Her går den merka stien vidare til venstre, først ganske bratt opp, men så slakkare fram til neste støl - den naturskjønne Skagedalssætra. Her har ein også ei fantastisk skode mot midtre delar av Geirangerfjorden og mot Knivsflå og dei sju søstrene.

Frå Skagedalssætra svingar stien atter til venstre og passe slakt fram Skagedalen. Kring halvveges opp til Skagedalsvatnet deler atter stien seg. Vidare rett fram kjem ein etter kring 1 km opp til sjølve Skagedalsvatnet. Dit skulle ikkje vi, så vi tok nok ved stidele nok ein gong til venstre. Vi går så opp på ryggen, og vidare austover på denne i retning toppen av Keipen

Dei siste 50 metrane frå ryggen og opp på sjølve toppen på Keipen, består i litt luftig klyving, men ikkje verre enn at det bør gå for dei aller fleste. Herfrå fantastisk utsikt nordover og rett ned i Geiranger sentrum - eller sørover til Skagedalsvatnet og kringliggjande fjell. 

Litteraturen opererer med kring 4 timar gangtid opp til toppen, samla distanse kring 16 km. 


Ruta teikna inn på foto. Geiranger sentrum i bukta til venstre. Start på Homlong (t.v) - Homlongsætra midt i biletet - Skagedalssætra til høgre  -  og fjelltoppen Keipen (1379 moh) oppe i biletet

Nedanfor: Vi er i gang på turen frå Homlong; fin-fin utsikt inn mot Geiranger sentrum og Cruisetrafikken på fjorden. To dagar tidlegare var vi på toppen midt i biletet - Vinsåshornet


Framme på Homlongsætra (544 moh); fleire fint vørdsla sel. Herfrå tek stien av til venstre mot Skagedalssætra



Ikkje noko å seie på temperaturen denne dagen;
Oddbjørn (t.v) og Steffen Ben på Homlongsætra



Nedanfor: Avstanden frå Homlungsætra og til Skagedalssætra er høgst overkommeleg, kring 1,5 km. Utsikta vestover Geirangerfjorden blir også flott herfrå.

Snart framme på Skagedalssætra - utsikt utover Geirangerfjorden.

Vel oppe på Skagedalssætra opnar dalen seg, og gjev ypparleg utsyn vestover Geirangerfjorden
Bak i biletet er Skagedalen og mot Blåhornet (1667 moh)  (t.v)



Verda er ikkje stor; jau var det "Førdefolk" å sjå i sela her i Geiranger og...



Keipen sett frå Skagedalssætra.
Materialvalet på sela på Skagedalssætra er fleire: Treverk, støypte sel og
sel bygd i naturstein.

Oddbjørn gjekk seg på optikaren sin i Førde - på Skagedalssætra



Frå Skagedalssætra tar ein til venstre i retning Skagedalsvatnet. Halvegs framme til dette er det skilta der ein tar av frå stien mot vatnet, og opp til venstre i lia mot ryggen, mot Keipen. 


Ein matbit må til ved sti-dele i Skagadalen.
Keipen over hovudet på Steffen Ben

Frå oppstigninga frå Skagedalen mot ryggen  mot Keipen


Nedanfor: Vi er komne opp på ryggen som gjev lett tilgjenge mot "gelètoppen" Keipen
Keipen oppe i himmelsjå t.v., Skagedalsvatnet til høgre
Oddbjørn konstaterer at vi snart er framme

Vêret vesna noko, det gjekk regnbyger i området og tåka kom sigande her og der.




Skagedalsvatnet







50 meter med klyving no, så er vi oppe på Keipen

Attersyn frå Keipen mot egga vi følgde
mot toppen

Oppe på Keipen!
Ørnesvingane

Geiranger sentrum sett frå toppen

Frå ryggen opp mot Keipen  - Smånipene - ser ein over  fjorden til gårsdagens turmål på nordsida av fjorden;
Geitfonnegga (t.v)

Ein kan kaste eplet sitt ned på Cruisebåtane i hamnebassenget
i Geiranger frå varden på Keipen


...men vi må nedatt til bilen - og heim til Førde... 3 uforgløymelege toppturdagar i Geiranger er over...

Parti aust for Skagedalssætra