Flatstølen i Førde vil då få sjå i Fjellfolk komande søndag |
Vekas Fjellgeit-tur gjekk til Flatastølen i Førde.
Eg har hatt denne turen på planen for Fjellgeitene lenge,
og akkurat denne veka var eit godt tidspunkt for denne turen:
Førstkomande søndag vil vi nemleg oppleve Flatastølen i NRK-serien Fjellfolk.
Så no kan spreke Fjellgeiter seie når innslaget blir sendt i TV'n:
"Ja, men der har eg vore!" :)
Trass i at initiativtakarane bak Fjellgeitene ikkje kan få topp-karakter for å planlegge i god tid,
kan i alle fall deltakarane få honnør for å vere impulsive og hive seg med på kort varsel!
Men det er ofte slik det blir turar!
Turen vart bestemt rundt lunsjbordet måndag,
og kl. 17.25 same ettermiddag var vi 5 stk som var klar for tur!
Det blir raskt mørkt om kveldane,
Signering i bok på Legjestølen er obligatorisk. Nesten 950 har skrive seg inn hittil i år, og det er langt over forrige års rekord! |
og etterkvart vart det dårlege lysforhold til bilet-taking,
så eg hentar i staden fram nokre tidlegare minne frå Flatastølen:
så eg hentar i staden fram nokre tidlegare minne frå Flatastølen:
Dette biletet er henta frå innlegget "Følg ikkje dei raude T-ane" |
Flatastølen i vinterskrud - frå dette innlegget. |
Jeg har dessverre gått glipp av Fjellfolk-serien så langt - men gleder meg til å se Flatastølen i kveld.
SvarSlettSer knapt tv, men skjønner at der har eg gått glipp av noe.... svarte! Ja ja, får heller sjå bilda ifra plassen her ;-) Måtte dokke få en fin høstferie! :))
SvarSlettFjellfolk er ein fantastisk flott serie, men er tilgjengeleg på nett, så ikkje for seint å sjå den endå! Mykje flott natur frå ulike plassar, men sjølvsagt ekstra kjekt når det er filma frå nærområdet og kjende plassar!
Slett