Litt av Førde sett frå Skålefjellet. Vi ser deler av Slåttebakkane, Kvernberget og Hogane. Hafstadfjellet i bakgrunnen. |
Endeleg vart det min tur -
til å gå på to fjelltoppar eg har sett på, og tenkt på, lenge!
Skålefjellet (732 moh) og Espenipa (751 moh),
med start frå Erdalsdalen.
Artig å sjå Førde frå ein uvant vinkel!
Steffen har vore der nokre gonger,
og førte an oppover bakkane
(som han alltid gjer!).
Ettermiddagstur -
ut å lufte "vetet" etter kontordagens slutt.
Definitivt noko vi bør gjere oftare!
Og vi rakk det før det vart mørkt,
endå vi ikkje var nede ved bilen før klokka nesten var 18.30.
Det går mot VÅR!
Steffen har skrive eit flott innlegg om dagens turmål tidlegare,
det finn du her.
Der ligg også ruteskildring.
Så i dag nøyer vi oss med nokre få bilete:
Du stig raskt og bratt oppover i starten, og får fin utsikt ned att i Erdalen |
På vegen oppover passerer vi Klopstadstølen. Det er ikkje så mykje som minner om vinter, akkurat! |
Belønninga på toppen av Skålefjellet er flott utsikt utover Førdefjorden. |
Ved varden på Espenipa (751 moh) ser du rett ned i Åsedalen i Naustdal |