lørdag 31. januar 2015

Vårleg kjensle med bålkos i fjæra - og oppskrift på glutenfrie pølsebrød


I dag lot vi vinter vere vinter, 
ski vere ski, 
og kosa oss med meir vårleg kjensle ved sjøen. 

Nokre timar med smak av våren ved sjøen. Her var det ikkje mykje snø.

Sidan mat ofte smakar best etter å ha vore litt i aktivitet, 
gjekk vi eit par kilometer før vi fann bålplassen. 
Medbrakte vedkubbar gjorde det lett å tenne bål, 
og vi kosa oss med pølser og heimelaga pølsebrød. 

Det er alltid spanande om heimbakst fell i smak, 
men eg tok utgangspunkt i ei godt utprøvd foccacia- oppskrift, 
og fekk gode og luftige glutenfrie pølsebrød
Dei fall i smak hjå alle mann alle, 
og eg kan love deg at dei smakte mykje betre enn dei kjøpte 
(både glutenfrie og vanlege!). 

To små som kosar seg med pølser og pølsebrød

Og i staden for at ungane et 3 pølser og kanskje 1 pølsebrød, 
vart det i dag 3 pølsebrød og 2 pølser på kvar av dei! 
Siste pølsa sto dei glatt over til fordel for brødet :) 

Gode og luftige glutenfrie pølsebrød!

Oppskrift - glutenfrie pølsebrød: 

Basisoppskrifta skal Tove Johansen med bloggen Uten alt ha æra for, 
og eg har bygd på ei veldig god foccacia-oppskrift derifrå. 
Men eg har endra litt for ein grovare variant: 

8-9 dl vatn
1 ss fiberhusk
10 ss olivenolje
1 pk gjær (eg brukte tørrgjær)
2 pk semper mix med fiber
(evt. vanleg semper mix for finare brød)
1 ts salt
2 ts bakepulver
1 raspa gulerot (kan sløyfast)

Evt. ha i litt pizzakrydder i deig om du har lyst. 

Rør fiberhusken ut i vatnet og la det stå og svelle 5-10 min. 
Mens du ventar blandar du alt det tørre og raspar gulerot oppi. 
Hell så i olivenolja og vatnet, 
og rør alt saman. 
Bruk gjerne kjøkkenmaskin. 

Deiga skal vere klissete. 
Eg lot deiga heve i 10 minutt så den fekk sette seg litt,  
før eg brukte ei skei som eg dyppa i vatn og forma pølsebrøda med. 
La dei ferdig forma pølsebrøda heve på bakebrettet i 20 minutt til. 
Pensle med melk (eller egg/rismelk). 
Strø over sesamfrø og maldonsalt (kan sløyfast)

Steikast på 200 C i ca. 20-30 minutt. 

Eitt tips for å få pølsebrøda luftige, er å fylle varmt vatn i oppvaskkummen, og la brøda heve over dampen av vatnet. Set gjerne i skål med vatn nederst i steikeovnen når du steiker brøda - dette gjer dei meir saftige. 

Denne oppskrifta ga 22 store pølsebrød/baguettar. 
Om du vil lage det som foccacia i staden, så er denne oppskrifta nok til ei stor langpanne. 

Lukke til! 

Kva skal ein med leikar når ein har pinnar?


fredag 30. januar 2015

Storehesten heilt i det blå.... eller rettare sagt: det kvite!



Alle som går på ski på Langeland skisenter,
gler seg over synet av dei 2 flotte hestane i Bygstad i Gaular:
Storehesten og Lisjehesten

Dei fleste bileta som blir publisert frå turar på Langeland, 
er tatt med Storehesten og Lisjehesten i bakgrunnen (eller forgrunnen)!
I dag var derimot Storehesten heilt i det blå 
- eller rettare sagt: den forsvann i det kvite! 

Storehesten ligg til venstre, men i dag såg det nesten ut som Lisjehesten er større:
"Alle" tar bilete av desse to hestane når dei er på skitur på Langeland
Sjølv om vêret ikkje var det beste, 
var det likevel ein veldig fin tur i løypene. 
Men det blas friskt og på toppen var skispora heilt blåst bort. 

Gjøsetstølen ligg flott til med utsikt mot hestane. Berre LITT snø på stølstaka.....
Sola gjorde nokon spede forsøk på å trenge gjennom skylaga, men lukkast ikkje heilt. 

Langeland skistadion - eit flott anlegg som blir halde ved like med ein enorm dugnadsinnsats!:
Langeland skisenter i Gaular, nesten på grensa til Førde.

Her er løyper for både store og små, dei som vil gå kort eller langt!
På meg vart det 12 + 5 i dag!

Eit meir vakkert skue av Storehesten finn du i dette innlegget:
der vi skreiv følgjande tekst:

Storehesten var eit vakkert skue i dag
- freistande å reise ut på tur!
Men på ein heilt vanleg kvardag
- er det jobben som ventar!


Men det hindrar oss ikkje i å drøyme,
og einskilde dagar vert draumane oppfylt!
Det er det vi lever på i kvardagane,
og hindrar at "kvar dag blir kvardag"!

Og så må ein hugse på at det å nyte ei utsikt også er ei oppleving i seg sjølv
- eit minne som er verdt å ta vare på!
Og som gjev grobotn for nye draumar.....

I dag fekk eg leve ut draumane,
og avslutta arbeidsdagen med ein flott skitur! 

(og turomtale til Storehesten - finn du her)

tirsdag 27. januar 2015

Og der passerte vi 150 000....



150 000 sidevisningar på bloggen er grunn til å feire! 
Kanskje småskala i bloggsamanheng, 
men likvel....
Det er alltid kjekt å nå runde tal!

Så vi måtte jo sjølvsagt dokumentere det magiske talet: 

Elles så har det vore relativt stille på bloggen i januar. 
Av og til er det andre ting som er i fokus, 
og dei heilt store toppturane har det vore få av. 
Men vi har prioritert mykje utetid:

Vi har kosa oss på ski med ungane,
og det har blitt mange av dei korte turane,
så som til Gapahuken på Eventyrstien og Legjestølen. 

Kveldstur med hodelykt til Legjestølen

Skidugleiken aukar i takt med tal turar! Så også skigleda!

Mange lufteturar til Gapahuken på vel 300 moh.
Flott utsikt over Førde sentrum. 
Vi har mange turar frå 2014 som vi ikkje har skrive om,
men dei kjem! 
Berre tida og inspirasjonen er på plass :)
Gle dykk til inspirerande innlegg 
- kanskje får du gode tips til tursommaren 2015?

Elles er det veldig kjekt at mange har tatt i bruk #fjelluft15
på Instagram
- 137 innlegg per dags dato. 
Gler meg til å vise fleire av desse bileta!

mandag 12. januar 2015

The only way is up!.... eller?



"The only way is up!" sa denne karen til meg, 
då eg var ein kjapp tur opp til Gapahuken! 

"Nei takk, ikkje i dag" svarte eg.
"Eg snur ned att" 

Det var blitt mørkt og det småsludda,
så eg var eigentleg godt nøgd med at eg i det heile hadde kome meg ut. 

Små turar er betre er ingen turar, 
er mottoet mitt mange gonger! 

Dessutan:
Drøye 1 km oppover i særs bratte bakkar, 
er vel grei trimøkt?
Frå null utsikt til nydeleg utsikt på få sekundar:
slike magiske augneblikk oppstår ofte på tur!

Frisk luft og uteaktivtet vart det også tidlegare på dagen
- på skitur med dei små i flotte vinterforhold:

Blid 4-åring som kosar seg på ski


Winter Wonderland - store snømengder når du kjem litt opp i høgda



fredag 9. januar 2015

Medan vi ventar på ekstremvêret "Nina"

Sola som stakk fram i dag måtte eg berre nyte - Hornnesstølen i praktfullt vintervêr!

Vêrvarselet for Sogn og Fjordane denne helga er ikkje særleg lysteleg:

«Lørdag ettermiddag ventes økning til vestlig full storm 25 m/s, sterk storm 30 m/s på utsatte steder, med vindkast 40-45 m/s. Ved Stad kan det komme opp i orkan 33 m/s. Vinden er på det sterkeste tidlig om kvelden og ventes å minke mot natt til søndag. Det ventes også høye bølger inn mot kysten, signifikant bølgehøyde kan bli 10-12 meter».

Når så denne fredagen sto fram med godvêr mellom alle regnversdagane, kunne eg ikkje gjere anna enn å ta meg eit par timar fri, og nytte sjansen til å sjå sola! Dermed var årets første tur til Hornnesstølen eit faktum - opp Eventyrstien og ned att i Hundvebakkegjelet. Snøbert så og seie opp til Gapahuken på 300 moh, men vidare oppover auka det på med snø heilt til eg kom på stølen som ligg på ca. 500 moh. Så takk til dei som har gått der før meg og trakka ein delvis veg i alle fall!

Så og seie snøbert heilt opp til Gapahuken på ca. 300 moh. 

Kassen med bok i ligg under steinen...
litt graving måtte til for å få den fram!





tirsdag 6. januar 2015

Bli med på hashtag #fjelluft15!

#fjelluft15

I 2015 har vi lyst til å vise endå fleire turbilete
- og ynskjer at også DE skal bidra med bilete og tips til turar!

Bruk derfor #fjelluft15 på Instagram,
så kjem bileta dykkar opp på menyen på høgre sida på bloggen.
Vi vil også vise nokre av bileta i eigne innlegg:
som turtips, for formidling av turglede og skape turmotivasjon!

Til vår store glede er det fleire av dykk som nyttar #fjelluft15,
og her er eit knippe bilete frå glade turfolk:

Ingebjørg, som er personen bak @utetid_net, er blitt kjent for at ho ynskte at familien skulle ha meir utetid og sette seg mål om 100 turar i 2014. Det klarte dei med glans, og ikkje minst har dei greidd å få med seg mange andre familiar til å gjere det same. Gjennom bloggen utetid.net formidlar ho også mange gode turtips, og nyleg har ho lagt ut eit innlegg om bokstavjakt i naturen:
@utetid_net Turtips: Dra på bokstavjakt. 
Les meir på utetid.net. #turtips #bokstavjakt #utetid15 #fjelluft15

@utetid_net legg også ut mange flotte turbilete. 

@utetid_net Treng du eit puff til å kome deg ut?
På utetid.net finn du 10 tips til lavterskelfriluftsliv med familien. 

#utetid15 #smabarnsforeldre #turtips #få15 #fjelluft15


Vi har også bilete av skiglade born på #fjelluft15: 

@frusolvik Full fres opp bakken 
 #firdafoto #utetid15 #utpåtur #fjelluft15 #ski
Biletet over er for øvrig tatt i Instedalen skianlegg i Naustdal. Eit flott skiområde som passar ypparleg for små barn. Vi har nett starta på Åsmunds skiskule der, og gler oss til mange turar i vinter! 
Biletet under er frå Langeland skisenter - det mest populære skianlegget i Sunnfjord: 

@monicadid 1. nyttårsdag på lita runde i skispora på Langeland.
 Ikkje akkurat påskestemning😊
#utetid15 #utno #utpåtur #fjelluft15

Til sist tar eg med eit bilete frå ei særs turglad dame som tar mange flotte bilete: 
@frimul Birk og meg på #skitur til #Legestøylen #Årdalsdalen
 #jølster, rikeleg med 
#snø og fine skiløyper inn dalen :) 

Vis dine turbilete på instagram med #fjelluft15 du også!

søndag 4. januar 2015

Legjestølen i dagslys og månelys



Nyåret har vore prega av kortreist uteaktivitet: 
kjelketurar, aking og heimelaga skiløyper.

Men litt fjelltrim har det også blitt:
I dag vart det tur nr. 2 til Legjestølen i 2015 
- ein vaksen i dagslys og ein i lyset av fullmånen (og hodelykta)!
Trass i ein del snø, er det trakka fin sti frå Skyttarkvia, 
så det er berre å ta turen!

Totalt 11 har signert i boka i løpet av årets 4 første dagar.




torsdag 1. januar 2015

2014 slo alle rekordar på Legjestølen!

Mykje snø på Legjestølen, men det har vore stor snøsmelt dei siste dagane,
så det var store vassmengder i stien. Fjellsko og gamasjar er anbefalt!

Vi er i gong med Friluftslivets år 2015!
#få15

Tradisjonen tru starta vi nyåret med tur til Legjestølen
Ny bok og boks måtte leggjast ut, 
og det var tid for "vareteljing" for 2014. 

Ca. 1170 signaturar i boka for 2014!
Nesten ei dobling frå fjoråret! 
Utruleg kjekt at så mange finn vegen til Legjestølen! 
Tur dit er også eit flott utgangspunkt for tur vidare til Flatastølen og Førdsnipa.
Denne ruta er nok ukjend for mange, men stadig fleire oppdagar den. 



Ny bok og boks er på plass for 2015!


Meir informasjon om turen til Legjestølen, tradisjonen med tur dit i romjula og starten på historia om postkasse og besøksbok, finn du i dette innlegget