mandag 20. juli 2015

Viewpoint - Snøhetta (2286 moh) - Snøheim DNT

Fantastiske feriedagar: viewpoint Snøhetta, overnatting på DNT-hytta Snøheim og topptur til Snøhetta (2286 moh)!

lørdag 18. juli 2015

Kinn - myteomspunna perle med eiga DNT-hytte

Steffen Ben bloggar:



Mange av oss har høyrt om øya Kinn og legendene knytt til øya. Mange har òg vore på Kinnaspelet (arrangert for 31. gong i år!) saman med tusenvis andre, på øya vest i havet for Florø. Færre er det, i alle fall av oss innlandskråkene, som tar turen ut hit på eiga hand utanom den nemnde arrangementshelga, og utforskar denne svært mangslungne og naturskjøne øya.  


"Dra til Kinn og bli rik" var eit ordtak frå Kinn i farne tider, knytt til det eventyrlege fiske her ute.  For oss 4 på tur fekk ordtaket ei ny meining; ei rik natur, kultur, sosial og arkeologisk oppleving.  For gjennom opphaldet vårt på 24 timar på øye no like før feriestart - fekk vi med oss:
  • Tur til høgste toppen på Kinn - Kinnafjellet 315 moh
  • Tur opp i, og gjennom, Kinnaklova - gamalt seglingsmerkje
  • Rundtur rundt heile øya, og fekk ta i augesyn dei mange kulturminna på øya - alt frå gamle gravplassar til hellarar som var busette av folk alt i tidleg vikingtid. 
  • Tur opp på den luftige Søre Stauren, som er del av Kinnaklova. 
  • Kyrkjemesse om kvelden i steinkyrkja frå 1100-talet
  • Vakker solnedgang rakk vi og - og vi fekk helse på knotten!
  • Ikkje minst - vi fekk overnatte i det gamle skulehuset på Kinn frå 1920-talet som Flora turlag disponerer, og som har blitt omgjort til ei ubetjent DNT-hytte; eit hyggjeleg bekjentskap!  
  • Vèl attende i Florø dagen etter hadde nyss sommarbåten til NRK lagt til ved kai; omvising på dette tidlegare hurtigruteskipet fekk vi såleis som "dessert"
Les også om dei andre øyturane våre vi har hatt i same området tidlegare:

Korleis komme seg til øya - og overnatte: 
Lengst vest mot havet, ein halvtimes båtreise med lokalbåt frå Florø, ligg øya Kinn, berre 7,3 kvadratkilometer stor. Her har levd menneske alt frå tidleg steinalder, men i dag er det berre tre fastbuande att på øya- men mykje sommargjester! Men mellomalderkyrkja står der og vitnar om andre tider.  

Fleire båtavgangar kvar dag i behaglege skyssbåtar, gjer turen innom fleire øyar på veg ut til Kinn, til ein spanande tur i seg sjølv! Les meir om skulehuset på Kinn som er omgjort til ubetjent DNT-hytte herog som Flora Turlag no disponerer.
Kinn ligg vest av Florø - den ubetjente DNT-hytta vi overnatta i er merka på kartet

Nokre av turane ein kan gjere seg på øya.

Kva vi opplevde på øya - biletcollage
Sørvest på øya ligg den vidgjetne Kinnaklova, 221 meter høg, eit viktig siglingsmerke gjennom uminnelege tider. Denne gjekk vi gjennom.


Fleire store hellarar, uthola av havbølgjene har vore husly for både dyr og menneske gjennom årtusen. 

Mange hustufter, røyser og steinkransar viser at menneske har ferdast på øya i eldre tider.  

Ein god matbit må til

Opp på Søre Stauren (221 moh):
Utsikt frå Søre Stauren - mot kyrkja og mot Ytterøyane fyr er fantastisk:

Kinnakyrkja oppe til høgre i biletet


Utsikt frå søre stauren og over til vestre staur - og bak i disen ligg Ytterøyane fyr


Det gamle skulehuset er omgjort til ubetjent DNT-hytte:






Utsikt mot Store Batalden


Opp i - gjennom - og rundt - Kinnaklova:


Ytterøyane fyr


Utsikt mot Storebatalden


Opp i og ned att frå Kinnaklova på andre sida. Søre Stauren til høgre

Store og Vesle Byrjehellaren - her har det budd folk

Kinnakyrkja - steinkyrkje frå 1100-talet:
Kinnakyrkja



Kinnafjellet - høgste fjellet på Øya:
Det meste av øya er fjell, med Kinnafjellet som høgste toppen på 315 meter. Her var vi på kvelds- og morgontur. Fantastisk utsikt utover mot Ytterøyane fyr - og innover til Reksta og dei andre øyane vest av Florø.

Utsikt mot Reksta og Rognaldsvågen frå Kinnafjellet



Utsyn frå Kinnafjellet nordover mot
Storebatalden og Veten på
Ytre Bremangerlandet (bakarst)




Rundtur rundt øya - kring 5 km
Fin tur å vandre rundt heile øya. Mange fornminner som gravrøyser og hellarar busett av folk i vikingtida, å sjå.





Alden ligg med tåke på hatten


På veg opp til Høyskardet frå sør - Søre stauren øvst t.h. i biletet
T.v. Høyskardshellaren - Olav Trygvasonhola

T.v. Høyskardshellaren - Olav Trygvasonhola





Draumen om, og forventningane til overnattingstur til Kinn er infridd.
No ventar vi på skyssbåten.
 

Vel attende i Florø venta omvising på Sommarbåten oss

Meir historikk om Kinn:
Frå vikingtid og tidleg mellomalder knyter det seg fleire legender til Kinn. Funn av beinrestar på Selja og Kinn, gav næring til legenda om "heilage menn som kviler på Selja og Kinn". I eit historisk lys kan dei heilage menn vere keltiske munkar frå Irland og Skottland; Ikkje berre èi prinsesse hadde i følgje segna rømt frå giftarmål med heidenske hovdingar på Irland, men tre, Sunniva, Borni og Ingeborg. "I båtar utan segl og årar" let dei tre prinsessene seg drive over havet, og lova Gud at der dei kom i land skulle dei bygge ei kyrkje. Slik er Bornilegenda knytt til kyrkja på Kinn, medan Sunnivalegenda er knytt til klosteret på Selje. Den tredje prinsessa, Ingeborg, har ikkje blitt knytt til ei spesiell kyrkje på Vestlandet, sjølv om nokre vil ha det til at ho kom i land på Moster. 

I dag er det Kinnaspelet som lokkar flest menneske til Kinn. Den storfelte naturen, nærleiken til storhavet, den gamle steinkyrkja med si løyndomsfulle historie, segn, myter og legender, som kviler over øya. er med på å danne eit bakteppe og ei ramme rundt denne teateropplevinga. 

Alt dette er med på vektskåla, for ei reise til Kinn! 

torsdag 16. juli 2015

Ein Jølsterdag - på Ålhusstølen!


Ålhusstølen - her kan ein nyte morgonkaffien med unik utsikt over Jølstravatnet og fjella rundt!

Jølsterdag, grøn og frodig som den fyrste dag
Adam gjekk i kring i Evas lag, i Evas lag
Ein Jølsterdag, Jølsterdag
denne dag som og har Gud i seg
men også nattas mørke veg

Men snart vil nok sola nok sende ned sitt lys
og frosne sjeler vil miste gru og angst og gys
Ein Jølsterdag
Jølsterdag
Hm, hm, hm, ein
Jølsterdag
(tekst av Oddvar Torsheim)

Vi sluttar aldri å utforske nye turmål, 
og ser stadig vekk spanande plassar når vi er ute og fartar. 
Eitt av desse er Ålhusstølen på Jølster:
Vi har blant anna sett på stølen frå andre sida av Jølstravatnet, 
og tenkt at denne stølen ligg fantastisk til. 
Dit må vi opp ein gong! 

Som sagt, så gjort: 
Det skjer kanskje ikkje veka etter, 
ikkje månaden etterpå heller, 
og kanskje ikkje ein gong same året 
- men ein eller annan gong finn vi eit passande tidspunkt for akkurat dette turmålet. 

Med lovnadar om meir sol i Jølster enn i Førde og utover mot kysten, 
var det eit godt utgangspunkt for å ta ein Jølsterdag -
og då nytte høve til å ta turen på Ålhusstølen. 

Og  forventningane til Ålhusstølen vart definitivt innfridd!!
Vi har vore på mange flotte stølar og dei fleste stølar har sin særeigne idyll, 
men det er ikkje så mange stølar som slår Ålhusstølen når det gjeld utsikt! 
Den var rett og slett dyrisk! 

Om du ynskjer ein flott utsiktstur utan å gå på dei store toppane, 
så er Ålhusstølen verdt eit besøk!
På vegen opp oppdaga vi mann i naturen - eller mann i fjellet om du vil! 


Utsikt mot Hegrenesnipa til venstre og Bjørsetfjellet til høgre. Bjørsetstølen som ligg i framkant av fjellet, er ein støl som faktisk kan konkurrere med Ålhusstølen om den beste utsikta!

Flott stad å ta lunsjen sin!

I dalen til venstre på sørsida av Jølstravatnet ser du Bjørndalen og Isvassnipa.
Den rundturen gjekk vi for snart 2 år sidan, sjå innlegg her.



Slik finn du fram til Ålhusstølen: 

Ved Ålhus tar du til venstre rett etter Kafe Påfyll/gamlebutikken (dersom du kjem frå Førde) og køyrer nokre hundre meter forbi kyrkja. Der tar du vidare til venstre og gjennom nokre gardstun.
Her kan du velje mellom to skogsvegar til stølen. Fin stad å starte viss du vil ha ein litt lenger tur. Sidan vi hadde med oss ungane, valte vi å køyre skogsvegen til høgre opp til eit demningsanlegg (NB! Det er ikkje bomveg, men du bør spørje grunneigarar om løyve til å køyre). Derifrå var det om lag 2 km opp til stølen - ein grei og enkel tur på skogsveg.  

Den blå linja viser kor langt inn vi køyrde med bil. Den raude viser vegen vi gjekk. 


Ved endt tur, så bør du ta turen innom Kafè Påfyll for kaffi, is eller middag,
og ta deg ein kikk på Eikåsgalleriet som ligg på andre sida av vegen.