mandag 31. august 2015

Turfamilien med stor, raudmalt T

Eg tok ein uhøgtideleg test på DNT sine sider om kva type turfamilie vi er. 
Kanskje ikkje så overraskande at resultatet vart dette: 



Om du likar å vere ute, 
anten små eller store turar, 
så er Kom deg ut - dagen for alle. 
Søndag 6. september er det arrangement igjen, 
sjekk denne sida for å finne arrangement på din heimstad. 

I Førde blir det tradisjonen tru arrangement på Hunsrasta ved Bekkjavatnet. 
Følg med på facebooksida til Barnas turlag Førde for å bli oppdatert på kva som skjer. 

Ein turfamilie med stor, raudmalt T.... MEN - vi trivast like godt på små turar som store turar. Lengd og høgdemeter er ikkje nødvendigvis målet for om turen blir bra eller ikkje. 

onsdag 26. august 2015

Karakteristiske Eggenipa (1338 moh) i Gloppen

Eggenipa - midt i biletet - sett frå støylsvandring på Utvikfjellet. 
Eg (vi) likar veldig godt å bestige fjell som er blikkfang for auga når ein kjem køyrande langs vegane. "Tenk - der oppe har vi vore!" kan vi då seie neste gong vi køyrer same vegen.

Eggenipa (1338 moh) i Gloppen er fjellet "alle" som køyrer  sørover E39 frå Byrkjelo legg merke til! Karakteristisk med si spisse form ser det ut som det er umogeleg å kome seg til topps utan å klatre!

Slik er det heldigvis ikkje: Det er faktisk mogeleg for dei aller fleste å kome seg til topps på Eggenipa! Godt merka sti og sikra med kjetting på nokre få vanskelege parti, så går det veldig greitt å kome seg til topps. Eg har vore der to gonger - første gong i 2006 og sist no for ei lita veke sidan. Første gongen gjekk vi til topps og tok vidare rundtur sørover mot Heggheimsvatnet. Forrige veke gjekk eg tur/retur same veg. Begge deler er fint, men rundturar er jo alltid kjekt å kunne ta.

Turfakta: 
Startpunkt: Egge ved Bergheimsvatnet i Byrkjelo. Bomveg opp til parkeringsplass rett før Eggjestølane
Høgd: 560 - 1338 moh
Lengd: 4 km til toppen, 9 km totalt om ein tar rundtur sørover mot Heggheimsvatnet.
Tidsbruk: 1,5 - 2,5 timar til topps. Rundtur 5-6 timar.

Stien er godt merka, både med skilt der du tar av ved E39, og når du startar sjølve turen frå parkeringsplassen. Stien går beint mot foten av fjellet og opp lia. Deretter er det meir eller mindre bratt stigning heilt til topps. Første del av turen er myrlendt. Små parti med klyving frå ca. 1000 moh og oppover. Det kan verke luftig einskilde stadar, men dei fleste blir overraska over kor brei ryggen faktisk er. Eg vil meine at dei aller fleste greier å ta turen, og eg opplever at ein har trygt og godt fotfeste heile vegen. Men er du høgderedd, så kan det vere utfordrande nok.

Det er lagt ut kjetting på enkelte vanskelege
parti. "Vart du skremt no?" ;)
Sjølvsagt har også Eggenipa sitt eige motbakkeløp - og Eggenipa OPP 2015 er førstkomande helg, søndag 30. august. Løpet er ope for mosjonistar også, så likar du å gå tur i selskap med mange andre, så kan du nytte sjansen då. Løpet startar då frå "Eggenipasiloen" og du får ei total stigning på 1180 moh - altså ein tyngre og lengre tur enn om du går frå Eggjestølane.

Opp der skal du om du vil på Eggenipa!
Utsikt mot Bergheimsvatnet og Byrkjelo på veg opp mot Eggenipa

Tydeleg sti og god merking, men bratt stigning!

Eggja oppover ser langt farlegare ut på avstand enn den i realiteten er!


Utsikt mot Jølster og Jølstravatnet

Varden på toppen av Eggenipa. Fjellet Vora bak til høgre.
Fjellryggen opp mot Eggenipa (midt i biletet) sett frå oppstining til fjellet Vora (der Steffen var dagen etter).

Turen til Eggenipa er også omtala i Opptur Sogn og Fjordane tur 23-02 og på ut.no.

Kartutsnitt frå ut.no




mandag 24. august 2015

Det gode stølsliv....



"I mellom høge fjell og tind 
ligg Jonstadstølen vår. 
Med gamle hus og tuft frå farne tider.
Når sola skin på høge nut, 
vi gløymer kvardags mas og sut, 
tek beina fatt - til fjells på grodde stigar."

Vi har ikkje vorte bortskjemte med varme sommardagar i år, 
så denne seinsommarhelga med fint vær, 
måtte berre nyttast til det gode liv på stølen:

Frukost på trammen, 
uteleik,
plukke og ete masse blåbær, 
ro i båt,
bade, 
besøk av familie,
småturar
 grilling og kos!

Skogens gull - snart plukkeklar!
Ekstra stor lukke er det å kunne avslutte stølsopphaldet
med eit siste bad på veg heim! 

For ein sommar vi kunne hatt om været hadde vore slik heile tida!!!
Men desto viktigare å nyte dei få dagane vi fekk! 

No kan hausten kome!










fredag 21. august 2015

Ein dag - to toppar: Skåla (1848 moh) og Eggenipa (1338 moh)


Skåla ligg høgt der oppe.... eg gler meg stort til å kome opp!

Litt stille på bloggen for tida...
- det manglar ikkje på turar, men tid til å skrive om dei! 
Ferien er nett avslutta, vi har hatt jobbstart og 1. klassing, 
og samstundes kom sommaren.... typisk! 

Heldigvis nokre avspaseringsdagar til gode, 
så det måtte berre bli ein fridag denne veka! 

Planen var Skåla (1848 moh) i Loen (Stryn kommune):
Den velkjende toppen og det endå meir kjende tårnet - Skålatårnet
9 år sidan eg var der for første og einaste gong, 
 så i høgste grad på tide med eit gjensyn! 

Perfekt vær (bortsett frå sterk vind på toppen), 
og storslagen utsikt, 
gjorde dette til ein fantastisk tur! 

Skålatårnet - DNT hytte driven av Bergen turlag
Utsikt ned att mot Loen

Høgt oppe på fjelluft etter endt tur på Skåla,
var eg gira på meir fjell.....
- hadde jo HEILE dagen til disposisjon!

Og nesten før eg fekk sukk for meg var eg på veg mot Eggenipa (1338 moh) ved Byrkjelo. 
9 år sidan sist eg var her også!


Luftig på veg opp egga - men langt mindre skummelt enn det ser ut til!


Eggenipa badar framleis i kveldssola då eg er tilbake ved bilen i 20.30 tida.
Nokre turdagar blir berre heilt unike 
 - dette vart ein av dei! 

Vi har hatt ein opplevingsrik sommar, 
med mange flotte turmål. 
Når haustmørket legg seg, håpar vi å få meir tid til bloggen. 
Vi har mykje turinspirasjon å formidle!
Målet er også å få skrive meir om turane over 
- men dei turmåla er allereie godt kjende bl.a. gjennom sine motbakkeløp:

Om vi ikkje rekk å oppdatere bloggen vår fortløpande, 
så legg vi stort sett bilete frå alle turane våre på Instagram: 
@fjelluft15

Sjekk også ut #fjelluft15 - her ligg mange fine bilete frå våre turar, 
men også andre ivrige turgåarar som kan vere til inspirasjon.

lørdag 8. august 2015

Krigsdrama på naturskjøne Staveneset

Denne hola var scene for framføringa av Staveneset.Krig.
Godt gøymd for folk som passerer langs vegen eller til sjøs!
STAVENESET.KRIG
Eit intimdrama framført i ei hole på Staveneset, 
på same stad som telegrafistane gøymde seg under 2. verdskrig 
for å rapportere om skipstrafikken.

Dramaet er regissert av Jeff Pedersen, 
og heidrar 70-årsjubileet for slutten av andre verdskrig. 

Staveneset.Krig er ei griande historie om det unge forlova paret
Anton Hollevik og Oddny Saltskår som tok vare på telegrafistar
og gøymde dei i holer på Staveneset under krigen. 
Oddny og Anton blei til slutt tekne og torturert av Gestapo. 

Vi var på ei av framsyningane i dag, 
og fekk ei flott oppleving. 
Spelt i dei opprinnelege omgjevnadane, 
blei historia levande og vi fekk verkeleg vere med å oppleve korleis det var!
Ei unik oppleving!

Ytterst på Stavenesodden i Stongfjorden låg telegrafistane i ei hole og følgde med  og rapporterte om skipstrafikken under andre verdskrig. Her vart også teaterstykket framført. Turen frå Holevika og opp på Høgeheia (450 moh) er for øvrig ein veldig fin fjelltur! (ein av mange fine turar vi ikkje har fått blogga om...)














Oddny og Anton skodar utover sjøen for å sjå om det kjem nokon!



Oddny og Anton ser at Gestapo er på veg, og lovar kvarandre at dei skal teie om alt dei veit.
Før og etter framsyninga var det mogeleg å få guida tur til hola der telegrafistane budde. 
Ingen tvil om at dei hadde funne ein god gøymeplass! 

Oppe i desse steinurane gøymde telegrafistane seg. 


Ingen tvil om at dei hadde god oversikt over skipstrafikken frå holene i desse steinurane!

lørdag 1. august 2015

Muen (1424 moh) på Venabygdsfjellet

Muen (1424 moh) er ein karakteristisk topp på Venabygdsfjellet, og det høgaste fjellet i Ringebu kommune. Det er eit populært turmål og gjev vid utsikt til bl.a. fjella i Rondane.

Vi har vore der ein gong før - med Sanna Oliva i bæremeis og Bendik Matias i magen. Denne gongen skulle dei gå sjølv på eigne bein. Turen er ca. 5 km t/r, men er krevjande i form av at stien er bratt og du går stort i steinur. Men då oppdaga vi også nytten av å ha fjellvande barn - dei hoppa lett oppover på steinane og suste forbi fleire vaksne som nærast kraup på alle fire...;). Og når turmotivasjonen i tillegg var på plass, så gjekk heile turen som ein leik og vi var oppe lenge før vi trudde ☺ Ein super turdag for små og store!