Stølsbok for Førde vert lansert 1. oktober kl 15.15 på Førdehuset. Løp og kjøp! |
Her er eit lite utdrag:
Det skulle vore fredag. Det skulle vore fredag ettermiddag, og vi kom heim frå jobben, og ungane freste rundt i huset på leit etter alle tinga dei skulle ha med seg på selet. Etter kosebamsen og den vesle senga han skal sove i, og kortstokken og yatzyspelet og dei små spanna til å plukke blåbær i.
Vi skulle ha lesst opp sekkane med kjøtdeig, fløyte, hurtigris, gass til primusen, handklede til å tørke seg med etter badet, tennbrikettar til bålet og olje til lampa over bordet. Så skulle vi lagt av garde.
...................
Eg synest ein to timars tur er omtrent passeleg – i småunge-plukke-bær-og-rusle-tempo, altså omtrent tretti minutts gonge for ein sprek vaksen. Då er det passeleg å komme fram til selet, for på stølen skulle det ligge eit sel. Eit gråslite, koseleg, gammalt sel, med molter på taket og fuglereir i takrennene.
......................
.....og etterpå skulle vi fyre i omnen i selet så det vart reine badstova og poppe popkorn i ein kjele på omnsplatene.
Mens ungane og kona mi spelte yatzy og åt snop (for på selet kan ein ete snop, sjølv om det ikkje er laurdag), skulle eg hekte slukstonga ned frå veggen, og kaste ein dobb og makk langt ut i vatnet. Så skulle eg sette meg på ein stein ved vatnet og sitte og sjå på dobben og tenke, eventuelt berre sitte og sjå, og berre kjenne på kor freden åt seg inn i kvar nervetråd i kroppen min. Og enno skulle det berre vere fredag, og i fjellet rundt oss skulle moltene stå fullmodne og rope på oss.

Høyrest ikkje dette ut som ein fantastisk idyll????
Skulle du gjerne hatt det slik du også?
Tanken som slo meg var i alle fall:
Så utruleg heldige VI er som faktisk har det slik.
Akkurat dette får vi oppleve på Jonstadstølen vår:
Mang ein fredag har vi pakka sekken, kjøtdeiga og risen
- og kosebamsane har vore med!
Mang ein gong har vi stormfyra i selet slik at det har vorte som ei badstove,
og framleis var det berre fredag og vi hadde heile helga føre oss....
Jonstadstølen har gjeve oss mange flotte opplevingar og gode minner! Alle skulle hatt ein støl! |
Boka "Stølane i Førde - frå fjord til bre" vert lansert
torsdag 1. oktober kl. 15.15 i festsalen, Førdehuset.
Eg har vore så heldig å få ta ein kikk i boka,
og den er verkeleg eit prakteksemplar!
Heile 112 stølar er omtala - så her er garantert stølar du ikkje visste om.
Livet på stølane er fortalt av dei som sjølve opplevde det.
Det er også kort omtala korleis du finn fram til stølane,
slik at du kan ta turen på eiga hand.
Boka bør vere like interessant for tilflytta førdianarar
(som det jo er flest av....),
som for dei som er fødde og oppvaksne i kommunen,
Er dette årets julegåve?