torsdag 26. mai 2016

Selstadheia / Steiefjellet / Nova (638 moh) i Gaular



Startpunkt: Selstadbrua på Sande
Lengd: 5,5 km t/r
Tidsbruk: 1 time opp +/- alt etter form.

Kjært barn har mange namn.... og slik er det også med mange fjell. På laurdag var eg på Selstadheia - som eg har lært å kalle fjellet. Andre seier Steiefjellet, og sjølve varden er plassert på eit punkt som etter kartet heiter Nova. Uansett - Selstadheia, Steiefjellet eller Nova - turen eg skal skildre er den same. Men eg kallar fjellet i framhaldet for Selstadheia!

Eg har berre vore på Selstadheia når eg har gått opp til Eikelandsstølen, vidare over til Haukastølen og derifrå opp til toppen, med retur via Selstadstølen til Hauken. Sjå turskildring her. Denne gongen ville eg prøve å gå stien frå Selstad og opp til toppen. Turen ligg inne som eitt av turmåla i trimpoengkonkurransen til #sprekifordekommune og dei fleste vil truleg starte turen frå Selstad.

Eg var usikker på kor stien starta, men ved god hjelp av ein forbipasserande, så hamna eg på rett plass med ein gong! Parkerte ved den gamle Selstadbrua på Sande:

Selstadbrua på Sande

Gjekk vidare mot Selstad, og stien startar ved den første garden du kjem til. Her er det eit fråflytta hus, og du kan anten gå gjennom grinda mellom huset og løa, eller opp på baksida av løa. Det går ein tydeleg sti rett over bøen, så det er berre å følgje denne. Det kan vere sauer på beite, så kanskje ikkje så populært å ta med hund.... På andre sida av bøen er det ei ny grind, gå gjennom denne og du held fram på god og tydeleg sti. Den er delvis merka med blått, men det er ingen problem å finne stien uavhengig av merkinga.

Stien startar i dette tunet på Selstad

Etter ca. 1,7 km med småbratt stigning, kjem du til Selstadstølen. Her står eit einsleg sel. 


Frå stølen er det er god utsikt over gardane Grøvlebakke, Foss, Hauken, Skudalen og vidare oppover Hestadfjorden, og mot dei meir kjende fjelltoppane Klungeren og Kjelstadnakken.

Rett over stølen må ein berre snu seg attende og nyte utsikta! Gardane på Hauken ligg midt i biletet. Fjelltoppane på andre sida av vatnet er Klungeren (til venstre), Kjelstadnakken i midten og Svarteknibba lengst bak. Årnesholten i forgrunnen til høgre i biletet. 
Frå stølen er det ca. 1 km vidare til varden på Nova - litt stigning i starten, men så over til lettgått terreng. Det er ikkje så god utsikt akkurat ved varden, men går ein fram på kanten i nordvestleg retning, så ser ein rett ned på Sande sentrum:

Sande sentrum

Ved varden på Nova, med utsikt nedover mot Øksland i retning Vadheim

Det er teikna inn ein sti til toppen på ut.no. Ut i frå kartet startar den lenger vest mot Sande sentrum enn det eg skildrar her. Eg har ikkje prøvd å finne dette punktet, men dei to stiane møtast uansett ganske raskt. 

torsdag 19. mai 2016

Turmat: Grove glutenfrie vaflar

tok vi med oss vaflar som niste. 

Ved å lage dei litt grovare, så er det eit heilt OK alternativ til anna niste.
Og litt kjekkare å ete :)



Eg tok utgangspunkt i ei oppskrift på glutenfrie vaflar utan melk, 
reduserte på sukkeret, brukte grovare mjøl og raspa i eitt eple. 

Her er oppskrifta: 

90 g margarin
5 egg
4 ss sukker
4 dl Semper mix med fiber
(evt. anna grovt mjøl)
3/4 ts bakepulver
4 dl lettmelk
1 stk raspa eple

Smelt smøret, bland saman alle ingrediensane. 
Rør godt. 
La røra svelle i 15 min. 

Ynskjer du vaflar utan mjølk, kan du: 
Bytte ut vanleg margarin med margarin utan mjølk og salt
Bruke mjøl utan mjølk i
Bytte ut 4 dl mjølk med 4 dl appelsinjuice. 

Vil du ha dei endå grovare, kan du erstatte 1 dl mjøl med havregryn :)

Ta med på tur og nyt med valfritt tilbehør!

lørdag 14. mai 2016

14. mai som turdag: i dag, i fjor og i forfjor!

I dag: Nærtur til
Eikelandsholten og Bjørkeholten

Say no more....
4-fjellstur i Stongfjorden

Harefjellvarden - Reksta over


tirsdag 10. mai 2016

Ny geocache: Eikelandsholten - Hestadfjorden #2

Då har vi omsider fått lagt ut ein ny geocache i Hestadfjorden-serien vår: 


Geocachen er plassert på utsiktspunktet rett over hytta vår. 

Vi merka sti opp dit i romjula og laga til ein benk å sitje på. 
Vi har også hengt opp postkasse med turbok å signere i. 
Ein gong skal vi også lage gapahuk
- og overnatte under open himmel. 

Kven blir førstemann til å finne geocachen - vi er veldig spente!

For oss er dette bokstaveleg talt ein nærtur
- eit mikroeventyr eller kortreist turmål om du vil!

Og sjølv om du ikkje leitar etter geocachar, 
så kan du fint ta deg ein tur likevel, 
for sjå på denne flotte utsikta: 

Utsikt over Eikeland og Nesavatnet




Og medan du er i området, må du også ta med deg geocachen ved Eikelandsfossen:

Eikelandsfossen - Hestadfjorden #1

mandag 9. mai 2016

Hestadfjorden - på årets første kanotur!


ENDELEG - der kom sommarvarmen! 

Så fantastisk endeleg å kunne ta av seg ullgensarane, 
stillongsen og hadde så nær sagt vottane....
For sjølv om vi har hatt mykje godt vær i april og mai, 
så har det jo vore rimeleg kaldt. 

Og med sommarvarmen, 
var det tid for å ta årets første kanotur. 
Den har vi sikla på lenge skal du vite.... 

for vi har vore veldig nysgjerrige på korleis det ville vere
å utforske Hestadfjorden i Gaular med kano! 

Kva ville vi få sjå, 
kva naturperler ville vi finne, 
kvar er det fint å liggje i telt,
kvar er det fint å bade....

i tillegg til alle dei plassane vi visste om frå før!


Og vi vart ikkje skuffa, 
her var det strandperler og idyllar på rekkje og rad. 

Vi fortel ikkje alt, 
men gir eit lite vink....





Hestadfjorden ligg i Gaular (Sogn og Fjordane) mellom Sande og Viksdalen. Her kan du padle heile fjorden og vidare opp til Vikja ved enden av Viksdalsvatnet.