I verdas største leikeland kan du balansere på ein stokk! |
Har du som så mange andre familiar planar om besøk i fornøyelsespark i sommar?
Kanskje skal de reise langt av garde -
til Kristiansand, Legoland eller Liseberg?
Er du bekymra for ein dyr og hektisk ferie?
Gløym då ikkje at:
Verdas største leikeland er naturen!
- lett tilgjengeleg, gratis og opent 24 timar i døgnet!
Kan du ynskje meir?
Bergen og Hordaland Turlag hadde i helga offisiell opning av verdas største leikeland.
Bergen og Hordaland Turlag hadde i helga offisiell opning av verdas største leikeland.
I verdas største leikeland kan du:
- klatre på berg og i trær
- lage kongledyr
- balansere på stokkar
- liggje på magen og drikke av ein bekk
- finne steinar forma som hjarte, firkantar m.m.
- hoppe frå stein til stein på stien
På www.mittlekeland.no finn du endå fleire tips til kva du kan gjere og kor du kan dra!
Her er nokre glimt frå vårt leikeland - kanskje du får nokre tips og idear her også?
I verdas største leikeland kan du både leite etter geocache eller leggje ut ein ny! |
I verdas største leikeland kan du padle i kano - Barnas turlag har mange kanoar liggjande til fritt bruk for medlemar. |
I verdas største leikeland kan du leite etter steinar med ulike former - t.d. hjarter! |
I verdas største leikeland kan du gå på mikroeventyr - utforske naturen rett utanfor døra di - kanskje finn du nok nytt? |
I verdas største leikeland finn du mange spanande stiar! |
I verdas største leikeland kan du leike med ord du finn på skilt! |
I verdas største leikeland kan du gå på ski eller byggje iglo når det er vinter! |
I verdas største leikeland kan du leite etter skulpturar i naturen - her med bamsefar i lia! |
I verdas største leikeland kan du gå på uttallige T-merka stiar! |
I verdas største leikeland kan du besøke ei DNT-hytte - ikkje heilt gratis, men nokså rimeleg.... |
I verdas største leikeland kan du ta ei natt i naturen! #nattinaturen |
I verdas største leikaland kan du besøke ei fyrlykt - her frå Skongsnes fyr som også er DNT-hytte. |
I verdas største leikaland kan du møte mange rare dyr! |
I verdas største leikeland kan du brenne bål og kose deg med mat i det fri! |
Verdas største leikeland kan by på det meste
- nyttar du deg av det?
#mittlekeland