|
Slik var vinteren då vi var små: masse snø frå november til mars - og sjølvsagt alltid sol! |
Hugsar du då vi var små?
Då vinter faktisk var vinter?
Snø i store mengder frå november til mars
- sol, ski, aking, sparkeføre og kos!
Solbrente fjes smurt med Spenol i påskesola.
(eg har alltid hata Spenol etter dette...)
Det var vel kanskje ikkje heilt slik det var,
men det er slik vi hugsar det.
Og det var no vel meir snø om vinteren før, eller...?
Uansett:
Dei flotte vinterdagane kjennast så få,
så vi må nytte dei best mogeleg når dei er der.
Og då har vi lyst til alt:
Gå tur i vintersnøen, gå på langrenn, køyre randonnè,
ake med borna, gå på truger, køyre med spark osv.
Og alt er like fint og like bra!
Hugs å kose deg med akkurat det du gjer
- og ikkje ønsk deg at du heller skulle gjort noko anna.
Det kjem ei tid for det også!
No har vi hatt flott vinterstemning nokre få dagar
- vi rakk å nyte dei på ulike måtar.
Så blir det kanskje sjanse til å finne fram randonnè-skia neste gong....😄
Her er våre glimt frå desse dagane:
Måtte det ikkje bli lenge til neste gong vi har slike dagar!