fredag 12. mai 2017

Esefjorden Rundt - Norges lengste 1. mai tog?

Esefjorden Rundt er vårens vakraste eventyr i Balestrand! 

Rundt denne fjordarmen går løpet Esefjorden Rundt.
Det majestetiske fjellet midt i biletet er Vindreken. Til høgre for dette ligg Keipen. 

Kvar 1. mai vert dette landevegsløpet arrangert, 
og kanskje kan dei skilte meg Norges lengste 1. mai tog?
Over 900 deltakarar har det vore på det meste. 

Vi var med på årets løp for første gong
- ikkje som aktive løparar, men som familietur i trimklassa! 

Løypa er 8,5 km og går langs bilvegen frå Tjugum Kyrkje nær Dragsvik og rundt heile Esefjorden til Balestrand sentrum. 
Det er liten høgdeskilnad, så det er lett å gå - også for små bein. 
Løpet startar ved Tjugum kyrkje og går rundt heile Esefjorden til sentrum av Balestrand. 

Den majestetiske naturen rundt Esefjorden, gjer at ramma rundt løpet er unikt. 
Utsikta til dei flotte fjella Vindreken og Keipen kan nesten ta pusten frå deg!
Dit får du garantert lyst opp - om ikkje høgdeskrekken tar deg! 
Vegen er også en del av Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. 

I 2017 vart løpet arrangert for 38. gong som landevegs- og mosjonsløp. 
Men det er 86 år sidan fyrste "Esefjorden Rundt" - den gong som eit skirenn. 
Sidan vegen vart brøyta, vart det etterkvart vanskeleg å arrangere skirennet. 
Siste året vi finn noko om skirennet er i 1956, 
og etter dette gjekk det ytterlegare 20 år før "Esefjorden Rundt" vart sett på plakaten att. 

Løpet er ein stor folkefest, og over halvparten av deltakarane er under 16 år. 
Undervegs i løpet vert det også arrangert ein spørjekonkurranse for trimmarane. 
Her fekk vi testa våre lokalkunnskapar!

Det vert organsiert båtskyss over fjorden frå Holmen i Balestrand og til startpunktet ved Tjugum kyrkje. 
På veg ut av båten - klar for tur!

Vi tok oss god tid på turen og hadde ein matpause i botnen av fjorden. 
Der rakk vi også å leite etter ein geocache. 

Men dei som deltek i løpsklassen, gjer runda unna ganske raskt. 
Her er løyperekordane: 
Kvinner: Annie Bergsagel, Tjalve: 29.08 (2008)
Menn: Marius Vedvik, Gaular IL 24.29 (2015)

Nokre glimt frå turen vår: 
Utsikt mot Balestrand sentrum






Alle som fullfører løpet for 1. gong får medalje.
Fin belønning for dei minste i alle fall!
Om du har lyst til å delta på løpet neste år - eller eit anna år - så finn du meir informasjon på Esefjorden Rundt sine heimesider. 

tirsdag 9. mai 2017

Fjordalangs frå Solvorn til Nyre

Vakre Lustrafjorden: Å vandre fjordalangs kan vere like fint som å gå på topptur!

Mai er tida for dei flottaste toppturane på ski. 
Instagram er fylt opp av bilete av glade skifolk.
Og vi kan bli litt misunnelege.... 

Men ikkje alle kan gå på ski av ulike grunnar, 
og slett ikkje alle likar å gå på ski! 
Nokre er kanskje også lei av skisesongen, 
og ynskjer å ta beina fatt. 

Sidan snøen framleis ligg på fjelltoppane, 
er det avgrensa kor høgt det er kjekt å gå til fots. 
Så kvifor ikkje nytte høve til å ta nokre vandringar fjordalangs i staden?

Langs veglause strender ved Sognefjorden er det mest populære innlegget på bloggen. Men det finnast også mange andre fine vandringar fjordalangs ved Sognefjorden. 

Berre èin liten bakke!
I helga testa vi ut stien langs Lustrafjorden frå Solvorn til Nyre
Turen er knappe 3 km ein veg med start frå kaia på Solvorn. 
Med unntak av ein bratt bakke i starten (Kleivabakken), går turen i lett terreng med ein høgdeskilnad på 20 meter. 

Stien er ein gamal buførings- og slåtteveg, og har mange flotte viker og svaberg. Det er tørt og fint å gå, og er godt eigna for små born. Turen gjev flott utsyn mot Molden (1118 moh), Ornes og Feigumfossen, og innover heile fjorden til Skjolden. 

Om lag halvvegs, etter ca. 1,5 km kjem du til ein fin badeplass som heiter Mosaviki. Tidlegare var det to husmannsplassar og frukthage i Mosaviki. Fram til 1970-talet sto det også eit lite vassdrive sagbruk her. 
Her er det fint å grille, og det er laga disse til ungane, og mange fine berg å klatre i.

Det var mykje barnefamiliar ved Mosaviki denne flotte maidagen. 
Vidare utover passerer du Artnes der du finn restar etter utgraven gravrøys. Mellom Artnes og Djupviki finn ein restar etter Solvorn skyttarlag si eldste skytebane. 

Benken ved Nyre

På Nyre er det slåtteteigar som var i bruk fram til 1960-talet.
Det er også mogeleg å gå vidare utover langs fjorden, og du vil finne ei rekkje gamle slåtteteigar. Desse var svært viktige for småbruka i Solvorn. Det var også fleire små frukthagar langs fjorden.

Ved Nyre er det ein sitjebenk der du kan nyte utsikta innover mot Skjolden, opp på Molden og over til Ornes og Urnes stavkyrkje

Vel attende frå turen er det absolutt å verdt å ta seg ein runde i Solvorn sentrum, kjøpe ein is på Solvornbui, ta ein kaffe i Rosehagen til Walaker hotell og ta ein kikk innom Galleri Walaker 300







Kartutsnitt over turen - registrert med Suunto Ambit 3 Sport

Fleire bilete frå turen: 


Bygda Ornes ligg på andre sida av fjorden - kjent for Urnes stavkyrkje
og Feigumfossen. Det går ferje mellom Solvorn og Ornes. 
Små og store kosa seg på dissa :)





Walaker hotell


mandag 1. mai 2017