lørdag 17. juni 2017

Veten (486 moh) - høgaste fjellet i bydelen Åsane i Bergen

Den Trondshjemske Postveg og mange flotte steinhus langs vegen i Åsane

Kvifor ikkje avslutte IKEA-turen med ein fjelltur? 
Einskilde vil vel hevde at ein IKEA-tur i seg sjølv er ein bra trimtur 
- ikkje berre for lommeboka, men også for føtene som skal traske metervis gjennom sofa, stolar, garderobeskap, kjøkkeninnreiing, plantar, pynt og dekorasjonar m.v. 
Handleturen liknar dessutan på eit orienteringsløp der ein skal finne rette vegen til neste etasje, eller ut av butikken. 
Er ein så skammeleg at ein har prøvd seg på nokre snarvegar, så risikerar ein fort nokre ekstrarundar i staden!

Så det er vel kanskje sofaen ein drøymer mest om etter IKEA-turen heller enn ein fjelltur......
Og er du som oss - som kan prestere å bruke 10 timar på IKEA, 
så er i alle fall sofaen/senga neste steg 
(når ein endeleg har fått pakka ut av bilen...)!!!!

Vi som berre skulle ha noko småttteri...
og endå var vi ikkje ferdige!

Men gjer du unna IKEA-turane litt kjappare enn oss, 
så tenkjer eg du har overskot til ein liten fjelltur også.... 

eller så kan du sende ektefellen på fjelltur medan du er på IKEA... :) 
(eg er derimot så heldig å ha ein mann som er minst like ivrig på IKEA-shopping som meg...)

Uansett - om du er i nærleiken av IKEA i Åsane, så har eg eit godt fjelltips til deg. 
Veten (486 moh) er det høgaste fjellet i bydelen Åsane. 

Rett nok kan fjellet kanskje meir rett definerast som ein ås, men utsagnet: 
"Mannen som gjekk opp på ein ås, men kom ned frå eit fjell", 
passar godt her. For med utsikta på toppen, så føler du at du er på topptur!

Turskildring: 
Turen er omtala på ut.no som Veten via Trondhjemske Postveg. Der finn du også god skildring av startpunktet og turen. 
Ved rundkøyringa ved IKEA, tar du av til Dalevegen - forbi IKEA og 1,5 km innover til du finn ein godt tilrettelagt parkering ved Melingen. 

Kartutsnitt med turen innteikna  - henta frå ut.no

Frå parkeringa må du gå nokre hundremeter tilbake for å starte på Den Trondhjemske Postveg. På ut.no er turen foreslått om ein rundtur. Vi gjekk tur/retur. Du følgjer den Trondhjemske Postveg ca. 1,3 km. Då kjem du til Rimmaskaret der det ligg eit flott steinhus (som du for øvrig passerer mange av på vegen). Der er det skilta mot Veten. Så er det ca. 1 km med stigning på 200 meter før du står på toppen. Med ca. 380 meters stigning samla sett, og total distanse på 2,5 km er dette til ein fin tur for born. 
Stien er mykje brukt, og derfor delvis blaut. Sko som toler vatn er derfor å tilrå!

Frå toppen er det flott utsikt mot Nordhordalansdbrua - mellom anna!
Forutan panoramautsikta på toppen der vi kunne sjå heilt ut til plattformene i Nordsjøen, vart vi fascinert av dei flotte steinhusa langs Den Trondhjemske Postveg. Vi passerte fleire av desse, og mange kunne du gå inn i. Dersom du har interesse for geocaching, er det fleire å plukke med seg på vegen også, inkludert ein på toppen. 

Berre ein god kilometer frå kjøpesentera i Åsane, så kjem ein til landlege idyllar. Vakkert!


#dabbing på fjelltur #fjelldabbing

I full fart mot varden - med utsikt mot Bergen sentrum


Fleire geocacher å finne på turen.
Dette var ein av dei!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!