onsdag 9. august 2017

Eventyrlege Rødøy

Rødøy kyrkje med Rødøyløva i bakgrunnen til venstre

Ute på Helgelandskysten, der ligg det ei løve og kvilar i vasskanten, 
og berre ventar på å få deg på besøk! 

Sanna: "Det her var kjempegøy - kan vi reise hit kvar sommar?"
Bendik: "Ja, det var kjempegøy - men litt skummelt også med huldra og slikt!"
Mamma: " Var dåke fornøgd med turen i Eventyrskogen altså?"
Sanna: "OM vi er???? Det var kjempegøy!"

Slik foregjekk dialogen mellom oss i det vi var i ferd med å avslutte turen i Eventyrskogen på Rødøya. Gløymt var slitet opp bratte bakkar mellom nokre sinte regnbyger på veg til Rødøyløva tidlegare på dagen...


For i eventyrskogen skjer det spanande ting....
du får høyre historia om ulven og dei sju geitekillingane,
langt inne i skogen dukkar godterihuset til Hans og Grete opp,
det er eigne kjærlighetstre der det veks kjærlighet på pinner,
den store skattekista til trollet ligg gøymt ein plass,
og kanskje endar du opp ved inngangen til sjølvaste trollhula -
ei 8 meter høg dør mot bergveggen!
Småfolket luskar i graset - går du stille, så kanskje oppdagar du nokre av dei?
Men du må passe deg for Huldra - for ho er veldig glad i små born....
Dette og mykje anna foregår i Eventyrskogen på Rødøy!

Rødøy er med andre ord ei eventyrleg perle på Helgelandskysten!
Her er det ingen problem med å fylle ein heil dag, eller fleire dagar med aktivitetar for store og små.

Rødøy er ein kommune på Helgeland i Nordland. Den grensar i nord mot Meløy, i aust mot Rana, i sør mot Lurøy, og i sørvest mot Træna. Og som namnet tyder på - her må du i båt for å kome til sjølve Rødøya.


Vår dag på Rødøy starta tidleg - ganske tidleg vil enkelte seie når det tross alt er ferie!
Båten gjekk i 7-tida om morgonen, men då hadde vi til gjengjeld ein heil dag til disposisjon som kunne fyllast med opplevingar. Og planane var mange, så det var ingen grunn til å vente!

Vi starta med det store målet for opphaldet på Rødøya - nemleg topptur til Rødøyløva (440 moh).
Dette majestetiske fjellet drar du lett kjensel på når du ser det på avstand, og nokre hugsar kanskje fjellet frå tv-programmet 71 grader Nord Kjendis 2017? Fjellet liknar ei løve som ligg og kviler i vasskanten.

Startpunkt for den bratte stien opp til Rødøyløva
Det går 2 turstiar opp til fjellet - ein bratt og kupert, og den andre slakkare. Vi valte den bratte vegen opp, og den slakke på returen, så fekk vi samla sett ein fin rundtur. Med bratt stigning, kjem det også raskt litt utsikt. Her er litt av det vi såg på veg opp:

Utsikt mot Klokkargården - ein flott overnattingsstad på Rødøy

Opp dit skal vi! 

Hurtigruta på veg sørover passerer Rødøy
Bratt sti kombinert med nokre korte, men hissige regnbyger er ikkje den beste kombinasjonen, verken for små eller store, så her måtte vi vaksne ta i bruk alle dei gode motivasjonsgrepa vi kunne. Men det fungerte..... opp kom vi i alle fall. Regnet ga seg også, tåka letta og gløymt var alle strabaser - kva meir kunne vi forlange?

For oss som frydar oss litt når vi kan kjenne magasuget, men samtidig føle at vi står på relativt trygg grunn - så var dette ein innartiar av ein fjelltopp!  Det er noko eige med stupbratte høgder - langt ut i "havgapet" og blått hav så langt du ser!

Frå toppen er det ei fantastisk utsikt, og på ein klarværsdag ser du heile Lofotveggen og 7 kommunar rundt deg. Ikkje uventa, er også "Løvehodet" eit populært basehopp-punkt, men slike aktivitetar driv ikkje vi med......


Her er glimt frå nokre av dei flotte utsiktspunkta undervegs:



Utsikt sørover frå Løvehodet - øyane Lovund og Træna kan skimtast i det fjerne

Relativt bratt .....

Slit du med høgdeskrekk, så ville eg kanskje vore litt betenkt med å ta turen. Samstundes så går du relativt trygt og greitt opp til toppen, men må vere litt ekstra merksam om det er glatt på berga. Det er mogeleg å stoppe på eit punkt ca. 40 høgdemeter under hovudtoppen, og likevel ha den same utsikta. Med våre 2 små på 6 og 8 år, måtte vi sjølvsagt også vere litt ekstra forsiktige - det er ikkje ein tur der ungane kan springe på eiga hand når toppen nærmar seg! Og du bør føle deg trygg på at du sjølv meistrar høgda, før du tar dei med deg opp. Ut over det, så er det ein fin tur for heile familien!




Den bratte stien er om lag 1,5 km frå du startar på sjølve stien, medan den slakkare varianten er ca. 2 km lang. I tillegg kjem spaserturen frå Hurtigbåtkaia til startpunkta for turen - om lag 2 km for begge rutevala. Dersom du går den slakkaste ruta, vil du også passere ein varslingsvarde på "ryggen" av Løva. Den blei brukt til å varsle krig, ulykke og andre viktige hendingar.


Ved varslingsvarden













På veg ned att med utsikt nordover


På ryggen finn du også "Løvehytta" med eldstad i midten. Her kan du koke kaffi eller lage deg lunsj, og du kan hente ekte "Løvevann" rett utanfor hytta.

Løvehytta

Vel nede frå Rødøyløva hadde vi framleis god tid før vi skulle ta båten attende - men det var mykje å finne på. Vi rakk ikkje alt, men vi kan nemne flotte sandstrender, museet Havdurbrygga, besøke Bamsehuset, kjøpe pikekyss på Pikekyss kafè eller leite etter geocacher.





Pikekyss
Her er nokre glimt frå Eventyrskogen: 

Godterihuset til Hans og Grete

Forsyn deg med ein kjærlighet på pinne!

Skattkista til trollet hadde mange spanande ting....

Døra til trollhula
Husa til småfolket



Takk for oss Rødøy og Eventyrskogen! 

Ut i naturen på NRK har laga eit heilt program om Rødøy - ta ein kikk for å bli inspirert:
https://tv.nrk.no/serie/ut-i-naerturen/DVFJ42206509/sesong-2/episode-23

Meir informasjon finn du også på Rødøya.no

6 kommentarer:

  1. Jøss! Litt av en tur! Skjønner godt at dette ble en innertier. Veldig kjekt å følge bloggen din og få ta del mange fine opplevelser. Håper riktig mange småbarnsfamilier besøker denne eventyrskogen.

    Fortsatt god sommer!

    Klem

    SvarSlett
  2. Hej, very short question: You write "Løvevann" rett utanfor hytta, does it mean there is a kind of river/lake outside the hut. Because neither on norgeskart nor on norgeibilder you can see any water.
    Thanks for the nice description, Volker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hey! There is no river or lake, only a watertap outside the Hut. From that you can get what they calling "Løvevann" ;)

      Slett
  3. Ahh, so it is from a rain water collector or groundwater pump, or is it just a dummy tap?
    Many thanks for your immediate reply!

    SvarSlett
    Svar
    1. I don't remember, but probably just a Rain water collector.

      Slett
  4. Actually, any tap construction just outside the hut was broken down. There is a small collecting tube signposted some 15 metres down from the hut - but after probably 2 dry days there were only drops.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!