mandag 28. august 2017

Laukelandshesten - kvar og korleis?

Rask tur til stor utsikt!


Utsikta frå Laukelandshesten er like flott som utsikta frå Storehesten. 
Om du synast turen til Storehesten verkar drøy, eller du rett og slett har lyst til å prøve ein annan fjelltur, kan vi trygt anbefale turen til den noko mindre Laukelandshesten. Turen er kortare og har færre høgdemeter enn Storehesten, men kan kanskje by på litt meir utfordringar når det gjeld navigering: 

Etter turen vår med ungane på Laukelandshesten tidlegare i vår, har vi nemleg fått fleire spørsmål om korleis vi fann stien opp. Vi veit også at nokre har prøvd å finne den, men har måtte snu.


Kvar gjekk de og korleis fann de vegen? 

Når du ser på Laukelandshesten frå nordsida av Dalsfjorden, så ser det nærast umogeleg ut å kome opp på framsida. Men det er det ikkje.....

Vi har tidlegare gått ei rute frå baksida av Laukelandshesten og opp - den turen står omtala her. Du kan ikkje forvente noko tydeleg sti heile vegen, så turen fordrar at du har litt kunnskap i å sjå terrenget an og finne ut kor det er greitt å gå. Men det er ei rute som er trygg å gå og ingen høge eller utsette punkt undervegs.

Turen på framsida og opp, kan opplevast noko meir luftig - og det krev litt omtanke for å finne fram.

Men for å ta det frå start:
For å kome til Laukelandshesten, må du køyre til Bygstad i Gaular og vidare utover på sørsida av Dalsfjorden til Laukeland. Der vegen endar på Laukeland, går det ein skogsveg oppover mot Laukelandsstølen. Du kan velje å parkere bilen og gå skogsvegen oppover, eller du kan betale 50 kr i bompengar (hugs kontantar!) og køyre. Vegen er i god stand, så det er uproblematisk å køyre med vanleg personbil.



Det er starta ei merking på stien til Laukelandshesten, og den første merkinga finn du allereie ganske raskt etter at du har starta på skogsvegen. Men du kan gjerne køyre opp på høgste høgda på skogsvegen - der finn du ein godt merka stein som viser pil til dit stien går.

God start på merkinga, men så vart det brått slutt...... men å merke startpunktet er alltid vesentleg!

Og på stien startar det veldig bra - det er merking jamt og trutt, men så vart det brått slutt...... Kor går vi no? funderte vi på. For stien var heller ikkje overbevisande tydeleg...... men vi studerte terrenget, og gjekk vidare på det som såg ut som stien i alle fall. Ganske kjapt fann vi teikn på at vi var på rett veg - det var nemleg rydda greiner og tre langs med stien. OG det vart den viktigaste "merkinga" på turen vidare: på dei punkta der stien vart utydeleg, leita vi etter plassar dei hadde rydda for skog og kvist. Då visste vi at vi var på rett veg.

Forhåpentlegvis er det ein plan om å merke heile ruta opp, men enn så lenge så må du finne ut av litt sjølv. Når ein kjem på framsida av fjellet, og har fått utsikta mot Dalsfjorden, så er det ikkje så mange alternative renner for å ta seg oppover. Prøv deg litt fram - og ser du at det er rydda for greiner og skog, så er du nok på rett veg. Det kan opplevast litt bratt einskilde stader, men i utgangspunktet relativt trygt å ta seg fram og det krev inga klatring. Renna du går langs på framsida ligg på ca. 500 høgdemeter, så bruk evt. GPS/pulsklokke for å sjekke høgda.

Når du har tatt deg opp på framsida, og delvis runda rundt fjellet, er det varda siste stykket mot toppen - og det er reine sjarmøretappen å springe siste stykket på berga oppover!


Tidsbruk: ca. 1 - 1,5 time ein veg 
Lengd: ca. 4 km t/r
Stigning: 150 - 678 moh

På veg opp på framsida med utsikt innover Dalsfjorden mot Kleppsåsen og Bjørvikstranda. Skogsvegen du køyrer opp nede til venstre. Storehesten med snø på heilt bak til venstre. 

Vi får ein smakebit på utsikta som møter oss når vi kjem opp. 

Og utsikta du møter??????  
Fabolous! :)
Berre sjå gleda til han her:




Siste delen av turen er reine sjarmøretappen oppover. 

Toppane frå venstre: Nordre Kringla, Søndre Kringla og Eitrenipa

Rett og slett storslagent! Dale sentrum til venstre for fjorden, Dalsfjordbrua midt i, og den spisse fjelltoppen til høgre er Fløyen
Standnesvatnet med skogsvegen inn til Laukelandsstølane og startpunkt for tur til Massbu. Blegja er den høgaste toppen med snø på. 

Her er eit kartutsnitt frå pulsklokka mi - rett nok ser det ut til at den bomma på skogsvegen i starten, men den viser likevel greitt korleis vi gjekk ruta opp:

#Laukelandshesten #Dalsfjorden #visitsunnfjord #topptur #mountainlove #mountainlife

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!