onsdag 24. januar 2018

Vinter og sparkeføre



For første gong på mange år, har eg verkeleg kosa meg med vinteren. 
Hovudgrunnen er sjølvsagt at vi har hatt ein flott vinter til no
- akkurat slik den skal vere, 
og slik vi hugsar vinteren frå då vi var små! 

Førjulstida var prega av masse snø og berre nokre få minusgrader. 
Vi fekk brukt skia i massevis, 
og det som skapte endå større glede,
er at vi har kunne tatt fram sparken når vi har vore på hytta. 

Turar med spark hentar fram nostalgiske minner frå barndommen. 
På veg til juletrefest i bedehuset - på sparkestøtting! 
Sparkane sto fint parkert ved sidan av kvarandre, 
og berre eit fåtal kom med bilar. 

Ungane syntes det var kjempestas å sparke - 
og artig at vi alle 4 får plass på sparken og kan køyre i lag nedover bakkane: 
2 hankjønn som vil ha mest mogeleg fart og 
2 hokjønn som synast det går litt for fort...

Takk for turen! 

Det har blitt fleire turar i vinter, 
og vi fekk også gjenoppleve nostalgien med å ta sparken på julebesøk til naboen. 
Det var bålpanne, pølser og gløgg i det fri, 
og nede ved vegen sto 5-6 sparkestøttingar parkert ved sidan av kvarandre. 

Har du gode barndomsminner om vinter og sparkeføre?











tirsdag 23. januar 2018

Litt sunnare tursnacks: Mandelkjeks (glutenfrie og evt. melkefrie)


På tur i vintersola med kaffi og mandelkjeks!
Denne vinteren har så langt vore fantastisk her i Sunnfjord. Vi har hatt fint og stabilt vintervèr utan at det har vore for kaldt, og vi har hatt nok snø til å stå på ski, ake og kose oss. Det likar vi!

Det har derfor blitt mange uteturar i ulike former - variasjon er vi jo som kjent glade i, så det blir den eine dagen på ski, den neste på aketur og deretter på tur langs vegen med sparkestøtting. Skøyteisen har også blitt prøvd nokre gonger.

Litt av kosen med uteturane - i alle fall for ungane - er pausen der vi har litt godt å bite i, eller noko kjapt å tygge på undervegs når kreftene er i ferd med å forsvinne. Då er det greitt å ha noko på lur som både er godt, men som også innheld litt næring.

Før jul prøvde eg ut ei oppskrift på mandelkjeks. Mandelmjøl er rikt på fiber, sunne feittsyrer og protein, og er eit sunnare alternativ enn vanleg kveitemjøl. I tillegg er det glutenfritt.

I oppskrifta var det føreslått å fylle litt syltetøy i midten av kjekset. Eg brukte ein liten sjokoladebit i staden.

Kjeksa var enkle og raske å lage, og kan absolutt anbefalast!

Mandelkjeks 
(glutenfrie og evt. melkefrie) 

150 gram mandelmel 
1.5 dl melis 
2 ts vaniljesukker 
2 ts bakepulver
100 gram margarin*

Slik gjer du det: 
Varm opp omnen til 180 grader. 
Bland saman mandelmjøl, melis, bakepulver og vaniljesukker i ein bolle. Smuldre inn margarin og elt til det har samlet seg til en fin deig.


Kjevle ut deigen på eit bakepapir til den er 0,5 centimeter tjukk. Bruk ei form eller eit glas til å stikke ut sirklar. Fjern deigen rundt sirklane og kjevle ut denne på nytt. Stikk ut flere sirklar og fjern deigen rundt. Gjenta til du nesten ikkje har ukjevla deig igjen.

Putt litt syltetøy, sjokolade, peanøttsmør eller anna i midten av kjeksa om du ynskjer det. Dei smakar godt utan noko som helst også.

Bak dei  kjeksa i omnen i 12 til 14 minutter, eller til dei er gylne (eg brukte noko kortare steiketid enn oppgitt, så pass på). La dei avkjøle seg heilt før du et dei!

*brukar du melkefri margarin, får du melkefrie kjeks. Hugs å bruke melkefri sjokolade også. 



 .