tirsdag 23. januar 2018

Litt sunnare tursnacks: Mandelkjeks (glutenfrie og evt. melkefrie)


På tur i vintersola med kaffi og mandelkjeks!
Denne vinteren har så langt vore fantastisk her i Sunnfjord. Vi har hatt fint og stabilt vintervèr utan at det har vore for kaldt, og vi har hatt nok snø til å stå på ski, ake og kose oss. Det likar vi!

Det har derfor blitt mange uteturar i ulike former - variasjon er vi jo som kjent glade i, så det blir den eine dagen på ski, den neste på aketur og deretter på tur langs vegen med sparkestøtting. Skøyteisen har også blitt prøvd nokre gonger.

Litt av kosen med uteturane - i alle fall for ungane - er pausen der vi har litt godt å bite i, eller noko kjapt å tygge på undervegs når kreftene er i ferd med å forsvinne. Då er det greitt å ha noko på lur som både er godt, men som også innheld litt næring.

Før jul prøvde eg ut ei oppskrift på mandelkjeks. Mandelmjøl er rikt på fiber, sunne feittsyrer og protein, og er eit sunnare alternativ enn vanleg kveitemjøl. I tillegg er det glutenfritt.

I oppskrifta var det føreslått å fylle litt syltetøy i midten av kjekset. Eg brukte ein liten sjokoladebit i staden.

Kjeksa var enkle og raske å lage, og kan absolutt anbefalast!

Mandelkjeks 
(glutenfrie og evt. melkefrie) 

150 gram mandelmel 
1.5 dl melis 
2 ts vaniljesukker 
2 ts bakepulver
100 gram margarin*

Slik gjer du det: 
Varm opp omnen til 180 grader. 
Bland saman mandelmjøl, melis, bakepulver og vaniljesukker i ein bolle. Smuldre inn margarin og elt til det har samlet seg til en fin deig.


Kjevle ut deigen på eit bakepapir til den er 0,5 centimeter tjukk. Bruk ei form eller eit glas til å stikke ut sirklar. Fjern deigen rundt sirklane og kjevle ut denne på nytt. Stikk ut flere sirklar og fjern deigen rundt. Gjenta til du nesten ikkje har ukjevla deig igjen.

Putt litt syltetøy, sjokolade, peanøttsmør eller anna i midten av kjeksa om du ynskjer det. Dei smakar godt utan noko som helst også.

Bak dei  kjeksa i omnen i 12 til 14 minutter, eller til dei er gylne (eg brukte noko kortare steiketid enn oppgitt, så pass på). La dei avkjøle seg heilt før du et dei!

*brukar du melkefri margarin, får du melkefrie kjeks. Hugs å bruke melkefri sjokolade også. 



 .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!